publisert 01.09.2010
Rekordlåg kraftproduksjon i andre kvartal
Den norske kraftproduksjonen var 22,7 TWh i andre kvartal i år. Det har ikkje vore registrert så låg kraftproduksjon i andre kvartal dei siste 15 åra.
Kraftproduksjonen på 22,7 TWh er ein nedgang på 15,1 prosent frå andre kvartal i fjor. Produksjonen i andre kvartal 2010 var den lågaste i dette kvartalet i perioden 1995-2010.
- Den låge produksjonen i andre kvartal har samanheng med lite vann i magasina i starten av kvartalet grunna ein kald vinter. Lite snø i fjellområda ga i tillegg mindre tilsig enn normalt i andre halvdel av kvartalet , seier avdelingsdirektør Marit L. Fossdal i NVE.
I første halvår 2010 var kraftproduksjonen 61,2 TWh. Det er 4,2 TWh mindre enn i same periode i 2009, noko som tilsvarer ein nedgang på 6,4 prosent.
Forbruket av elektrisk kraft i Noreg var på 25,4 TWh i andre kvartal. Noregs overføringsforbindelsar til Sverige og Danmark og lågare kraftprisar i disse marknadene, medverka til at nettoimporten enda på 4,7 TWh. Størst var nettoimporten frå Sverige med 3,6 TWh. Sverige var det einaste landet i Norden med nettoeksport i andre kvartal.
Nedgang i prisane
Prisane på kraft i Noreg fall betydeleg i andre kvartal samanlikna med første kvartal, då kraftprisen til tider ble pressa opp grunna stor etterspurnad etter kraft og låg tilgjengelig produksjonskapasitet i Norden. Mildare vêr og meir svensk kjernekraft inn på marknaden bidrog til å redusere dei nordiske prisane.
- Nedgangen var størst i Nord- og Midt-Noreg, med ein nedgong på høvesvis 39 og 41 prosent frå første kvartal , seier Fossdal.
Til tross for prisnedgang frå første kvartal, var dei norske kraftprisane i andre kvartal rundt 20 prosent høgare enn i tilsvarande kvartal i 2009. Noreg hadde dei høgaste prisane i Norden i andre kvartal i år. Dei høge kraftprisane bidrog til å utløyse import og dempe forbruket, slik at etterspurnaden etter kraft vart dekka.