- Siste nytt fra industrien

Fire nye næringsklyngjer får status som Arenaprosjekt

Fire nye regionale næringsklyngjer får i dag status som Arenaprosjekt av Kommunal- og regionaldepartementet og Nærings- og handelsdepartementet, som et ledd i regjeringa si satsing på å utvikle norsk næringsliv.

Dei fire prosjekta er:

Arena Magica, Østfold

Helse i Valdres

Arena Usus, Agder

Frukt- og bærklyngje, Sogn og Fjordane

- Noreg treng fleire bein å stå på i framtida. Me er avhengige av fleire nyskapande næringar. Regjeringa vil difor halde fram arbeidet med å leggje til rette for utvikling av sterke regionale næringsklyngjer. Dei fire nye Arenaprosjekta er alle spanande og nyskapande klyngjer, med stort potensial for vidare vekst og utvikling, seier statssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet, Hege Solbakken.

Den statlege finanseringsramma til Arenaprogrammet er i 2010 på 40 millionar kroner. For kvar klyngje utgjer dette omkring to millionar kroner i årleg støtte.

- I den globale konkurransen står bedriftene ofte sterkare når dei står saman i nettverk, noko Arenaprogrammet utvilsamt kan bidra til, seier statssekretær Halvard Ingebrigtsen i Nærings- og handelsdepartementet.

Dei nye Arenaprosjekta; Arena Magica

14 bedrifter innan kultur- og opplevingssektoren i Agderregionen skal samarbeide endå tettare om å utvikle fleire store attraksjonar (produkt) på Sørlandet for å sikre kjøp av fleire opplevingar og få fleire turistar til regionen.

Helse i Valdres

Næringsklyngja Helse i Valdres er eit målretta og forpliktande nettverkssamarbeid mellom helse- og rehabiliteringsbedrifter og reiselivsaktørar i Valdres, samt eksterne kompetanseaktørar. Saman skal dei utvikle Valdres til å bli leiande i Norden innan behandling, rehabilitering og helseturisme.

Arena Magica

30 næringsaktørar innan musikk & scene og film & media, forskingsaktørar og det offentlege skal samarbeide tettare om å vidareutvikle kommersiell audiovisuell

kulturnæring i Østfold. Klyngja skal utvikle kompetanse og kapasitet for å trekkje til seg investeringskapital og større produksjonar.

Frukt og bærklyngje

9 frukt- og bærmottak, 3 foredlingsanlegg/industri og 2 teknologileverandørar i regionen har eit felles mål om å auke produksjonen med 25 % i løpet av prosjektperioden. Dette skal gjerast gjennom forpliktande samarbeid i utvikling og marknadsføring av nye og sunne frukt- og bær produkt.

Kontaktar:

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Nærings- og handelsdepartementet sin pressetelefon: 90 25 13 03.

Arena Magica: Trine Moe Stokstad, telefon 91 51 23 83

Helse i Valdres: Svein E Pettersen, telefon 90 75 76 14

Arena Usus: Kirsti Mathiesen Hjemdahl, telefon: 95 49 5930

Frukt- og bærklyngje: Stein Harald Hjeltnes, telefon 95734576

Innovasjon Norge: www.arenaprogrammet.no