publisert 05.10.2010
Konsesjon til Ørtfjell kraftverkKonsesjon til Ørtfjell kraftverk
NVE gjev Ørtfjell kraftverk AS løyve til å bygge kraftverk i Rana kommune i Nordland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 8,6 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 430 husstandar.
Ørtfjell kraftverk er planlagt med ein installert effekt på 3,2 MW, og utbygginga vil nytte ei fallhøgd på om lag 407 meter.
Vassdraget ligg inne i eit gruveområde som er sterkt påverka av industriell verksemd. Gruva har til tider hatt store problem med vann i underjordsgruva, då Litlåga renn under jorda over lengre strekningar. I samband med behov for drenering/overføring av elva, ønskjer Rana Gruber å nytte energien til produksjon av elektrisk kraft, primært for å dekke eige energibehov.
Det er ikkje fisk i elva, og rødlista artar rundt Ørtfjellmoen vurderast som tapt som følgje av dei omfattande inngrepa. Inngrepet vil ikkje føre til reduksjon av inngrepsfrie områder.
I denne konkrete vurderinga finn difor ikkje NVE grunnlag for å pålegge minstevassføring.
NVE konkluderar med at verknadene av ei utbygging er avgrensa for allmenne interesser.
Kontaktpersonar:
Seniorrådgjevar Gry Berg, tlf. 22 95 92 20
Førstekonsulent Heidi Kannick, tlf. 22 95 91 79