publisert 25.12.2010
Løyve til regulering av Askevatnet
NVE gjev Askøy kommune i Hordaland løyve til å regulere Askevatnet i Hopsvassdraget til drikkevassforsyning. Ein del av reguleringa gjeld produksjonsvatn til eksisterande akvakulturverksemd. Utover forventa auke i forbruk til alminneleg forsyning skal større regulering også medverke til å trygge vassforsyninga til Askøy.
Askevatnet vert i dag regulert mellom kote 9,3 og 11,3. Det nye løyvet opnar for å senke vatnet ytterlegare 0,5 meter og auke oppdemminga med 0,7 meter. Dette gjev ei samla reguleringshøgd i vatnet på inntil 3,2 meter. Auka oppdemming medfører bygging av to nye dammar i austenden av vatnet.
Askevatnet har blitt regulert over eit lengre tidsrom og avrenninga vert i dag styrt gjennom eit mindre kraftverk. Ettersom det ikkje eksisterer naturleg elveløp ut av vatnet har NVE ikkje funne grunnlag for å setje særskilt vilkår om slepping av minstevassføring. NVE meinar auka regulering vil medføre akseptable verknader for allmenne interesser. Ålmenta sin bruk av vatnet og området omkring kan halde fram innanfor ramma av den kommunale klausuleringsforskrifta.
Les meir om løyvet til regulering av Askevatnet på www.nve.no
For nærmare informasjon kontakt:
Seksjonssjef Øystein Grundt, 22 95 93 89 / 901 98 216
Senioringeniør Magne G. Verlo, 57 83 36 70 / 950 80 350