- Siste nytt fra industrien

Eit ja og eit nei til småkraftverk i Sørfold

NVE gjev løyve til å byggje Lisjvasselva kraftverk i Sørfold kommune i Nordland. Dette vil gje ein årlig fornybar produksjon på omlag 8,3 GWh, noko som tilsvarar den årlege straumbruken til rundt 400 husstandar. Austerelva kraftverk får ikkje løyve grunna konflikt med ei verdfull fossesprøytsone som inneheld ein raudlista lavart. NVE meiner at ein produksjon i dette kraftverket på drygt 13 GWh ikkje veg opp for ulempene ved ei utbygging.

Løyve til Lisjvasselva kraftverk

Lisjvasselva kraftverk er planlagt med ein installert effekt på 2,6 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på omlag 8,3 GWh. Dette svarar til den årlege straumbruken til rundt 400 husstandar.

Utbygging vil medføre nokre negative verknader for natur-, landskaps- og friluftsverdiar, men NVE meiner det vil vere mogleg å avbøte dei negative verknadene ved slepp av tilstrekkelig minstevassføring. Vidare meiner vi at omsynet til mellom anna reindrifta kan tryggjast med krav om nedgrave røyrgate og god dialog under planleggings- og anleggsperioden.

NVE vurderer nytten av tiltaket som større enn skadane og ulempene for allmenne og private interesser, og gjev derfor løyve til bygging av Lisjvasselva kraftverk på fastsette vilkår.

Avslag for Austerelva kraftverk

Austerelva kraftverk er planlagt med ein installert effekt på 3,75 MW og ein årleg produksjon på om lag 13,8 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til rundt 690 husstandar.

Ubygginga vil påverke det biologiske mangfaldet og utgjere ein trussel mot ei fossesprøytsone som inneheld ein førekomst av flatsaltlav som har status som sårbar i den nasjonale raudlista. NVE meiner eit tap av førekomsten med flatsaltlav vil vere svært negativt for arten. Vi ser heller ikkje moglegheiter for å bøte på verknadene med tiltak. Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging.

NVE vurderar utbyggingsplanane til ikkje å vere akseptable i høve til allmenne interesser, og gir difor ikkje løyve til bygging av Austerelva kraftverk.

Les meir om Austerelva kraftverk og Lisjvasselva kraftverk på www.nve.no