- Siste nytt fra industrien

NVE tilrår løyve til oppgradering av Øvre Vinstra kraftverk

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Opplandskraft DA løyve til å oppgradere Øvre Vinstra kraftverk i Nord-Fron kommune i Oppland. Oppgraderinga vil gje ein betre optimalisering av eksisterande kraftverk og ein auke i kraftproduksjon på omlag 14 GWh per år.

Øvre Vinstra kraftverk ligg ved Slangen i Vinstravassdraget og utnytter vatn frå magasina i Bygdin, Vinsteren, Kaldfjorden, Nedre Heimdalsvatn og Øyangen. Øvre Vinstra kraftverket har i dag ein installasjon på 140 MW og ein slukeevne på 49 m3/s. Opplandskraft DA har søkt om å auke installasjonen til opptil 170 MW og slukeevna til 60 m3/s. Planane inneber ingen nye reguleringar eller installasjonar i dagen, men kan føre til noko endra vasstandsvariasjonar i nærliggande magasin.

I totalvurderinga av det omsøkte prosjektet har NVE lagt stor vekt på at ein oppgradering gjev ny fornybar energi gjennom ein betre utnytting av eit allereie utbygd fall. Med avbøtande tiltak og vilkår som foreslått meiner NVE at ulempene som følgje av det omsøkte tiltaket er små i høve til nytten av auka kraftproduksjon og større fleksibilitet for køyring av kraftverket.

NVE anbefalar difor at det vert gjeve løyve til oppgradering av Øvre Vinstra kraftverk.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Les meir om tilrådinga til oppgradering av Øvre Vinstra kraftverk på www.nve.no

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Carsten Jensen, tlf. 22 95 92 90

Seniorrådgjevar Ingrid Haug, tlf. 22 95 94 16