- The most recent news from the industry

Løyve til Hommsåne kraftverk

NVE gjev Småkraft AS løyve til å bygge Hommsåne kraftverk i Valle kommune i Aust-Agder. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 4,6 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 230 husstandar.

Kraftverket er planlagt med ein installert effekt på 1,7 MW.

Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 260 meter og endre naturleg vassføring på ei rundt 1100 meter lang elvestrekning. Vatnet skal førast i nedgravne røyr mellom dei to inntaka og kraftstasjonen. Den verdifulle naturtypen bekkekløft er registrert på elvestrekninga som blir fraført vatn, men det er ikkje påvist raudlista artar knytt til elva.

Utbygging vil medføre nokre negative verknader for natur-, landskaps- og friluftsverdiar. NVE meiner imidlertid at med tilstrekkeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadane for landskap og miljø vere akseptable.

NVE vurderar at fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne interessene er større enn skadane og ulempene, og gjev difor løyve til Hommsåne kraftverk på fastsette vilkår.

Les meir om løyvet til Hommsåne kraftverk på ww.nve.no

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mobil 901 98 216

Avdelingsingeniør Vegard Hotvedt Strømsvåg, tlf. 22 95 94 85