published 08/27/2010
Løyve til auka vassuttak i Statlandvassdraget
NVE gjev Namdal settefisk AS løyve til auka vassuttak for smoltproduksjon frå Statlandvassdraget ved Statland i Namdalseid kommune, Nord-Trøndelag.
Løyvet vil gje grunnlag for å utvide drifta ved settefiskanlegget og gje ei sikrare vassforsyning til bedrifta. Vassuttaket skal ikkje vere større enn 58 m3/min og det skal til einkvar tid kunne gjerast greie for storleiken på vassuttaket.
NVE meiner at fordelane ved tiltaket samla sett er større enn ulempene for allmenne og private interesser.
Les meir om løyvet til Namdal settefisk på www.nve.no