- The most recent news from the industry

70 nye arbeidsplassar i Høyanger

Den franske bildelprodusenten Saint Jean Industries tek over felgfabrikken Fundo og startar opp med ny felgproduksjon i Høyanger. I 2013 satsar selskapet på å produsere 200.000 bilfelgar og sysselsetje rundt 70 personar ved fabrikken.

Innovasjon Norge har jobba intenst over ei lengre periode med å finne nye eigarar til felgproduksjonen i aluminiums-bygda. Det har ikkje mangla på tilbod om produksjon i utlandet, men til slutt fann Innovasjon Norge ein eigna partnar som ville satse i Høyanger.

- Vi er veldig glade for at Saint Jean Industries satsar i Høyanger. Nå har vi fått inn ein global bildelprodusent som kjenner bilmarknaden. Det gir gode føresetnader for å lukkast og skape svært etterlengta arbeidsplassar, seier Halvor Flatland, direktør for Innovasjon Noreg i Sogn og Fjordane.

Enda fleire arbeidsplassar

SJI legg opp til ei gradvis opptrapping av produksjon og arbeidsplassar. Første oppskalering skjer i 2013 med 70 arbeidsplassar og produksjon av 200 000 felgar. Om alt går etter planen skal dei vere oppe i 500 000 felg og 150 tilsette i 2015. Denne oppskaleringen forutset betydelege investeringar i fabrikken, i størrelsesorden kr 120 mill. i perioden 2011 - 2015. Franskmennene har såleis lagt ein offensiv langsiktig plan for satsing på felgproduksjon ved fabrikken i Høyanger.

- Det er positivt at ein har kome fram til ei løysning med planlagt ny produksjon i Høyanger. Dette bidreg til å sikre arbeidsplassar, og kan få betydelege ringverknader for lokalsamfunnet. Innovasjon Norge har jobba både hardt og lenge for å kome fram til ei slik løysning. Dette er eit godt eksempel på at verkemiddelapparatet fungerar godt, sier nærings- og handelsminister Trond Giske.

For meir informasjon om Fundo, Innovasjon Noreg og Saint Jean Industries, sjå vedlegget: "Bakgrunnsinformasjon".

Kontaktinformasjon:

Halvor Flatland, direktør, Innovasjon Noreg i Sogn og Fjordane: Mobil: 95781493. E-post: halvor.flatland@innovasjonnorge.no

Kommunikasjonssjef Mette Fossum Beyer, NHD. E-post: mfb@nhd.dep.no . Mobil: 950 60 052