- The most recent news from the industry

Forbrenning i Sverige best for miljøet

NGIR (Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap) har i tråd med reglar for offentlege innkjøp hatt anbodskonkurranse for forbrenning av restavfall. REKOM AS vann denne konkurransen. REKOM AS er eit norsk meklarselskap som arbeidar med å avsetja ulike avfallsprodukt. Dei er eigd av interkommunale selskap og kommunar. Største eigar er BIR AS (15,8 %). REKOM AS har lagt til grunn at avfallet frå NGIR i hovudsak skal forbrennast ved Tekniska Verkan i Linköping, Sverige. Der vil avfallet verta brent og 95 % av energien utnytta. Endringa skjer frå april i år. Dei neste 4 åra vil årleg kring 15 000 tonn restavfall gå til forbrenning i Sverige. Det tilsvarar 2 vogntog kvar arbeidsdag.

Dette er miljømessig vesentleg betre, og rimelegare, enn å levera avfallet til forbrenning i Bergen, der berre om lag 65 % av energien vert utnytta.

Miljømessig best å køyra avfallet heilt til Sverige?

Du har sikkert høyrt det:

Endelause konvoiar av trailerar lasta med verdifullt biobrensel durar over langfjella til Sverige. Avsendarane er profittjagande vestlendingar utan vilje til å tenkja på miljøet.

Det overståande er kanskje ei litt spissa framstilling av mediedekninga av den såkalla svenskeeksporten, men ikkje så mykje. Lobbyistane til den norske forbrenningsbransjen har vore flinke til å få fram bodskapen om at langtransport er negativt for miljøet. Og det er bra at dei har sett fokus på dette, men skal ein tenkja miljø, må ein tenkja på heilskapen. I miljørekneskapen må difor alle relevante fakta takast med. Forbrenningsbransjen har knapt nemnt energiutnyttingsgrad og kor mykje avfall som vert fyrt for kråkene. På dette området kjem diverre forbrenningsanlegga i Noreg dårleg ut. I Sverige er ein mykje flinkare til å utnytta energien i avfallet enn i Noreg.

Analysar viser at grad av energiutnytting er eit særs viktig aspektet når ein vurderer miljøkonsekvensane ved forbrenning. Dette fordi forbrenning av avfall i stor grad erstattar oljefyring. Dess høgare grad av energiutnytting, dess meir olje vert erstatta.

Ein kan illustrera dette på følgjande måte: I eit vogntog med avfall er det energi tilsvarande om lag 80 000 kWh. Dette tilsvarar energiinnhaldet i 7 000 liter olje. Transport til Sverige vil medføra forbruk av om lag 500 liter olje (diesel).

I løpet av eit år utgjer dette om lag 1 million liter olje spart på å brenna avfallet i Sverige kontra Bergen . Då er forbruk av drivstoff til transport av avfallet rekna med.

Me i NGIR meiner det er både økonomisk og miljømessig rett å eksportera restavfallet slik energiutnyttingsgraden og prisane er i dag. Kontrakten med REKOM varer i 4 år. Ved neste anbodsrunde vil NGIR gjera ei ny vurdering av miljø og økonomi på eit sakleg grunnlag.

Det beste for miljøet er å hindra at avfall oppstår. Dersom avfall har oppstått, vil det vera betre for miljøet at avfallet vert resirkulert i staden for brent. Me oppmodar difor kundane våre om å redusera eige forbruk og kjeldesortera så mykje som råd.