published 08/26/2010
NVE gjev løyve til Sandalselva kraftverk
NVE gjev Sandalselva Kraft AS løyve til å bygge Sandalselva kraftverk i Gloppen kommune, Sogn og Fjordane. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 8,4 GWh, noko som svarar til den årlege straumbruken til omlag 420 husstandar.
Kraftverket er planlagt med ein installert effekt på 2,5 MW. Utbygginga vil nytte eit fall på 60 meter nedanfor Sandalsfossen og vil føre til at ei elvestrekning på rundt 500 meter vil få redusert vassføring.
Det er ikkje registrert vasstilknytta raudlista artar på utbyggingsstrekninga. Av omsyn til landskap og fossekall har NVE fastsett ei minstevassføring på 500 liter i sekundet i perioden 1.juni til 30. september og 250 liter i sekundet resten av året.
Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane gjennom ein auke i fornybar energiproduksjon på 8,4 GWh er større enn skader og ulemper for dei allmenne interessene som vert råka. NVE gjev difor løyve til Sandalselva kraftverk på fastsette vilkår.
Les meir om løyvet til Sandalselva kraftverk på www.nve.no