- The most recent news from the industry

Løyve til Tverrfjellelva og Selstaddalen kraftverk

NVE gjev Meløy Energi AS løyve til å bygge Tverrfjellelva og Selstaddalen kraftverk i Tverrfjellelva i Meløy kommune i Nordland. Dei to kraftverka vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på til saman omlag 13,4 GWh. Dette svarar til den årlege straumbruken til rundt 670 husstandar.

Tverrfjellelva kraftverk er planlagt med ein installert effekt på 3,3 MW og vil nytte eit fall på 498 meter i Tverrfjellelva si nordre grein. Kraftverket vert bygd med inntaksdam i 688-vatnet, og vassvegen skal gå i tunnel/sjakt. 688-vatnet vert regulert med 5 meter.

Selstaddalen kraftverk er planlagt med ein installert effekt på 1,6 MW og vil nytte eit fall på 125 meter i Tverrfjellelva med inntaksdam både i nordre og søre grein av Tverrfjellelva. Røyrgatene skal gravast ned fram til kraftstasjonen.

Tverrfjellelva ned frå 688-vatnet kan tidvis vere eit betydeleg landskapselement, og det går anadrom fisk opp i vassdraget. NVE har sett krav om ei minstevassføring som skal ivareta omsynet til fisk, vasstilknytta liv i og langs elva og elva som landskapselement.

Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane gjennom ein auke i fornybar energiproduksjon på omlag 13,4 GWh er større enn skader og ulemper for dei allmenne interessene som vert råka. NVE gjev difor løyve til Tverrfjellelva og Selstaddalen kraftverk på fastsette vilkår.

Les meir om løyvet til Tverrfjellelva og Selstaddalen kraftverk på www.nve.no